2STA på studietur og utdeling av Ungdommens kritikerpris i Oslo

2STA reiste på to dagars studietur til Oslo saman med Bente Espedal og Arne Reidar Hæåk. Dei var med på utdelinga av Ungdommens kritikerpris i tillegg til å besøke Blindern.

Den første dagen var me på Blindern på Kjemisk institutt der temaet var forsking. Studentar på master- og doktogradsnivå gav oss eit godt innblikk i korleis det er å vera student og forskar på Blindern.

Den andre dagen var me med på utdelinga av Ungdommens kritikerpris. Klassen har som ein av sju klassar lese åtte skjønnlitterære bøker frå 2021 og vore med og stemt på kva bok som skulle kårast til den beste. Valet fall på Flukt av Carl Frode Tiller. Før utdelinga av prisen intervjua elevane sju av dei åtte nominerte forfattarane. 

Nedanfor er ei lenke til ein podkast som Ilona Kyllingstad Jonassen og Emma Katrin Arnevik har laga om Victoria Kiellands nominerte bok Mine menn.

https://anchor.fm/foreningen-les/episodes/13-unge--leser-Mine-menn-e1fln5e

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde