Mellom helgenar og romanske bogar

Av og til skal ein vel helst byta ut den daglege og litt teoretiske klasseromsrutinen med det verkelege livet. Onsdag 29. januar var over 300 vg3-elevar frå Sandnes vgs på halvdagsekskursjon til nabobyen Stavanger. 

Gjengen blei delt i to. Mens den eine halvparten var i St. Svithun-kyrkja og fekk høyra om katolsk nattverdfeiring, helgenar og ein fargerik kyrkjelyd med 112 nasjonalitetar, sat den andre under romanske bogar i Stavanger domkyrkje, den best bevarte mellomalderkyrkja i Noreg. Her fekk dei lytta til både orgelmusikk og vakker song. Ei kort innføring i domkyrkja og Stavanger by sin historie blei det også tid til. Deretter bytte gruppene kyrkjerom slik at alle forhåpentlegvis kunne notera seg viktige sider ved begge dei ulike kristne tradisjonane i Noreg. Elevane fekk uansett ein annleis dag og møtte levande menneske som på kvar sin måte lever av og for det religiøse. Ein stor takk til Julie-Helen Sandbrekken, kateket i St. Svithun kyrkjelyd, og Sølvi Irene Vinnes, syngande sokneprest i domkyrkja. 

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde