Møt ein stortingspolitikar i biblioteket tysdag 28. september i matpausen!

SVGS-læraren, Ingrid Fiskaa, er valt inn på Stortinget og begynner i den nye jobben sin på fredag denne veka.

I morgon, dvs. tysdag 28.09, sit ho på det ovale bordet i biblioteket og tek imot alle typar spørsmål og kommentarar du, eller andre kan koma med. Kanskje du berre vil lytta, så er det fint det også. EYP-komiteen kjem også, og vil høyra om det er nokon av dei frammøtte som vil vera med i ei gruppe/komité for elevar som er engasjerte i samfunnet rundt seg.

Mvh, Idar Ree (avd.leiar) og Eva Scharp (EYP)

 

Foto: Jon Ingemundsen (Stavanger Aftenblad)

Til toppen